Rådmann er nøgd med at endeleg rapport no ligg føre, og at fylkesmannen har teke omsyn til fleire av dei innspela kommunen har gitt til førebels rapport. Rådmann viser m.a. til at fylkesmannen i oversendingsbrevet har presisert at den uakseptable risikoen for avvik ikkje treng å ha ført til svikt. Endeleg rapport er også meir konkret og tydelegare enn det førebels rapport var. Rapporten legg eit godt grunnlag for forbetringsarbeidet til Sogn barnevern.

Rådmannen er særs nøgd med at Fylkesmannen i rapporten har funne det rett å:

  • ta vekk utsegner om at Sogn barnevern har lagt vekk meldingar med mogleg vald, moglege seksuelle overgrep og alvorleg uro for barnets omsorgssituasjon
  • ta inn kommunen si grunngjeving for henlegging av meldingar
  • ha endra formuleringa av datering av brev m.v. til «Brev, undersøkingsrapportar og andre dokument viser som regel dato for oppretting av dokumentet i fagprogrammet, ikkje dato for utsending»
  • ta ut formuleringa «Vi har sett minst 4 saker der barnet truleg fyller vilkåra for individuell plan, der det ikkje er dokumentert at barnevernet har sett og følgt dette opp»
  • ha endra tal avvik frå 11 avvik ned til 8 avvik og gjennom det synt samanhengen mellom avvika betre.

Sjølv om fylkesmannen har gjort fleire endringar i endeleg rapport finn rådmannen  funna frå tilsynet er alvorlege. Rådmannen peiker på at alle innbyggjarane må vere trygg på at varslingar til barnevernet vert følgde opp og undersøkt, og at dei born og unge og deira familiar som treng det får den oppfølginga dei skal ha frå barnevernet.

Sogn barnevern har arbeida med forbetring i tenesta sidan sommaren 2016. Vi ser allereie positiv endring knytt til alle dei områda som fylkesmannen har peika på. Kommunen leverte førebels forbetringsplan til fylkesmannen 31. januar og har også sendt den til deltakarkommunane for innspel. Kommunen vil i god tid før 15. mars sende endeleg forbetringsplan til fylkesmannen.

Kontaktperson:
Rådmann Jostein Aanestad, tlf. 99165935