I april 2014 gjennomførte Fylkesmannen i Sogn og Fjordane eit systemtilsyn og hadde etterfølgande tilsynssaker i 2014 og 2015. Sogndal kommune og Fylkesmannen har hatt ein pågåande dialog frå april 2014. Det har vore identifisert seks konkrete område som vi har hatt særleg merksemd kring siste halvdel av 2016. Sogndal kommune har utarbeidd ein forbetringsplan datert 20. juli 2016, som er konkret på målbare tiltak som skal jobbast med og evaluerast i forbetringsarbeidet, for kvart av desse områda. Dette arbeidet har alle tilsette teke del i.

Ein del av forbetringsarbeidet er at Sogn barnevern til gjevne tider skal evaluere og rapportere til rådmannsnivå. Ved evaluering og rapportering i desember 2016 har Sogndal kommune ved Sogn barnevern som avtala sendt kopi av rapporten til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Denne rapporten er offentleg, og syner at Sogn barnevern at tiltaka har bidrege til auka kvalitet i Sogn barnevern sitt arbeid. Særskilt vil vi peike på forbetringsarbeid som er gjort på tiltaksplanar, der om lag 9 av 10 barn no har aktiv tiltaksplan, og i løpet av 1. kvartal 2017 vil alle barn ha aktiv tiltaksplan.

I det vidare arbeidet vil vi kople dette til det forbetringsarbeidet som vi jobbar med som oppfølging av tilsyn frå Fylkesmannen 6.9-6.12.2016. Dette forbetringsarbeidet vil vi ha lagt ein plan for og levert Fylkesmannen innan 1.2.2017. Sogn barnevern vil i 2017 ha eit særskilt fokus på å styrke vårt systematiske arbeid og kvalitetsutvikling av våre tenester.

Kontaktperson: Kommunalsjef oppvekst, Ole Gunnar Krakhellen, mob. 926 48 081

Plan for forbetringsarbeid Sogn barnevern