Renovatøren RenoNorden er konkurs

Vår samarbeidspartnar og transportør av avfall, RenoNorden AS, har i ein børsmelding måndag kveld informert om at dei er konkurs. RenoNorden har stått for inntransport av avfall frå hushaldningar og næringsaktørar i heile SIMAS-regionen. Konkursen kan medføre utfordringar for innhenting av avfall, og det kan bli ein krevjande periode før me har alternativ løysing på plass. Konkursbuet kan tre inn i kontrakten som SIMAS IKS har hatt med RenoNorden.

Me har vore kjend med den krevjande situasjonen til RenoNorden og har jobba med ei kriseløysing, men me treng å samarbeide med konkursbuet eller andre aktørar om å få på plass ei løysing. Målet er å få på plass ei løysing so raskt som råd.

RenoNorden køyrer som normalt fram til konkurs er opna.

Når me har ny informasjon vil den bli publisert på heimesida vår og på Facebook.