Sogndal kommune har nyleg motteke ny tilsynsvurdering i sak som gjeld barn som var under Sogn barnevern si omsorg og som i februar i 2016 vart funne død i forsterheim.

I tidlegare vurdering i saka har fylkesmannen konkludert med at Sogn barnevern hadde følgd opp barnet sitt særlege omsorgsbehov i samsvar med forsvarlegkravet i barnevernslova. Fylkesmannen skriv i si nye tilsynsvurdering at dei på bakgrunn av dei opplysingane som no er tilgjengelege har vurdert saka på nytt og kome til at Sogn barnevern ikkje har følgt opp barnet sitt særlege omsorgsbehov i samsvar med forsvarlegkravet i barnevernslova. Fylkesmannen peikar m.a. på at barnevernstenesta har mangelfull dokumentasjon i saka og at tenesta burde gitt fosterheim tydelegare råd. Fylkesmannen ventar at barnevernstenesta nyttar tilbakemeldinga i denne saka til læring og forbetring. Fylkesmannen ber ikkje om ei eiga tilbakemelding i denne saka, men ber kommunen ta med forbetringspunkta knytt til denne saka i den forbetringsplanen som kommunen skal sende fylkesmannen innan 1. februar.

Politiet etterforskar dødsfallet til barnet. Sogndal kommune vonar at tilsynsrapporten som no ligg føre bidreg til at politiet kan fullføre etterforskinga i saka.

Ordførar og rådmann ser svært alvorleg på dei vurderingane som fylkesmannen har gjort i sin nye tilsynsrapport. Alle innbyggjarane må vera trygg på at born, unge og deira familiar som treng det får den oppfølginga dei skal ha frå barnevernet.

Kommune vil ta med seg vurderingane frå Fylkesmannen i eige arbeid med forbetringsplanen for tenesta og oppfølginga av denne planen. Kommunen vil sende over forbetringsplanen til fylkesmannen innan 1. februar. Planen vil innehalde konkrete tiltak for forbetringar, tidspunkt for når tiltak vert sett i verk og korleis tiltaka skal evaluerast. Planen vil m.a. sikra auka graden av dokumentasjon av det arbeidet og dei vurderingane som barnevernet gjer. Planen vil bli utarbeidd av alle tilsette i tenesta, slik at læringseffekten blir best mogleg. Arbeidet med planen og oppfølging av planen skal bidra til betre barnevernstenester.

Ordførar og rådmann vil uttrykke si medkjensla til barnet sin familie og andre nære.  At eit born døyr i ung alder er trist og berører oss alle sterkt.

Kontaktpersonar:

Ordførar Jarle Aarvoll, tlf. 90822420
Rådmann Jostein Aanestad, tlf. 99165935