Sogndal kommune mottok tidleg i februar den triste meldinga om dødsfallet til ei 13 år gamal jente. Ho var under kommunen sitt omsorgsansvar. Kriseteamet til kommunen følgde i tida etter meldinga om dødsfalla opp dei pårørande. Kommuneleiinga følgde opp tilsette som kjende jenta gjennom jobben og Kvåle skule orienterte elevar som tidlegare har gått i klassen med jenta om dødsfallet og gav tilbod om oppfølging. Kommunen gav same dag rutinemessig melding til fylkesmannen om dødsfallet.

At ei jente dør i ung alder er meiningslaut og trist. Ordførar uttrykker dei sterkaste medkjenslene med foreldre og andre pårørande. Kommunen vil framleis tilby støtte og oppfølging av dei pårørande.

Sogndal kommunen fekk onsdag 17. februar melding frå politiet at foreldra sin advokat har meld kommunen for manglande helsehjelp for jenta. Kommunen ser alvorleg på denne anmeldinga. Kommunen har ikkje høve til å gje informasjon om kvifor kommunen hadde omsorgsansvaret for jenta eller informasjon knytt til anmeldinga. Kommunen vil bistå politiet i deira etterforsking av saka, slik at saka vert best mogleg opplyst.

Enno ein gang vil eg uttrykke mi sterkaste medkjensle til jenta sin familie og vener og uttrykke mi sorg og sterkaste medkjensle.


Kontaktperson i kommunen: ordførar Jarle Aarvoll 90822420.