Minipiller:
Minipiller (gestagenpreparat) blir anbefalt som førsteval dersom kvinner som ammar treng/ynskjer hormonell prevensjon. For å hindre eventuell effekt på det nyfødde barnet er det anbefalt å vente 6 veker etter fødsel/keisarsnitt før ein byrjar på minipiller.

P-piller:
Tilbakehaldenheit med p-piller (kombinasjonspreparat) skuldast at østrogen kan redusere mjølkeproduksjonen og endre samansetninga av mjølka, i tillegg til at små mengder steroid går over i morsmjølka.

Andre gode alternativ:
Kondom, p-sprøyte, pessar, kobberspiral (godt alternativ til den som ikkje kan eller vil utsetjast for hormon) og hormonspiral er andre alternativ. Hormonspiral og kobberspiral bør ikkje setjast inn før etter høvesvis 6 veker og tre månadar etter fødsel/keisarsnitt. Før oppstart av hormonell prevensjon ved amming må lege alltid konsulterast.

Kondom er bra den første tida. Ikkje minst fordi det er eit godt prevensjonsmiddel, men også fordi det beskyttar kvinna mot oppadstigande infeksjonar. Fram til ca. 12 veker etter fødsel er det litt meir ope og inn i livmora og ein er derfor meir utsatt for bakteriar utanfrå.

Hugs å bestille time til 6 vekers konsultasjon for mor hjå fastlegen!
Dette er med i svangerskapsomsorga og er gratis.
Der kan ein ta opp prevensjon som tema.