Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Elevane har gjort alt arbeid sjølv (bortsett frå å samla alt på ein DVD for salg) Dei skreiv manus, laga dreiebok (ei beskriving av kvar scene i filmen), fordelte roller og filma historien og to av elevane i kvar gruppe redigerte filmen sjølv og lagra det ferdige produktet. Dei har vore kjempeivrige i heile prosjektet noko rektor Gunnar Stundal drog fram på avslutningsfesten for 7.klasse.
På kortfilmfestivalen tidleg i mai vart to av dei 11 filmane kåra; Bjørnejakta fekk publikumsprisen(elevane) og Jakten på den forsvunnede bokhylla fekk juryprisen(lærarane). Kultursjef Maryan G. Mundal delte ut prisane til dei som hadde laga desse to filmane. 11 elevar fekk kvar sin kinobillett. Prosjektet har vore ein del av den kulturelle skulesekken på Kvåle skule.
Dette er eit prosjekt som skulen ynskjer å halda fram med og som dei ynskjer skal vera eit fellesprosjekt i Campusfellesskapet. Dvs at dei kan arrangera slike filmprosjekt ilag med høgskulen og vidaregåande skule. I år har dette prosjektet vore gjennomført med eigne krefter på Kvåle skule – men svært godt inspirert av Daniel Volle sine kortfilmar. Starten på prosjektet var å visa filmen “Going North” av Daniel Volle.
