1. Handsamingsgebyr
Utan omsyn til plantype og storleik på areal skal det betalast eit gebyr på kr 5 130 før saka vert teken opp til administrativ handsaming (oppstartsmøte). Tiltakshavar må i tillegg dekka utgifter til utarbeiding og kopiering av plan, samt utgifter til planhandsaming der vedkommande instans krev dette refundert (t.d. kulturminne). Tiltakshavar dekker annonsering og kopiering med kr 6 156 før saka vert teken opp til politisk handsaming.

2. Arealgebyr
I tillegg til handsamingsgebyret skal det betalast eit gebyr avhengig av plantype og storleik på regulert areal. Gebyret er det same for vesentlege planendringar som for nye planar. Arealgebyret skal betalast etter at planen er handsama fyrste gong i planutvalet, og før vidare administrativ handsaming. Dersom forvaltningsutvalet avviser planen skal det ikkje betalast arealgebyr med mindre tiltakshavar krev planen lagt fram for kommunestyret.

2.1. Områderegulering
Områderegulering kan ikkje startast opp etter iniativ frå private, og heimelen til å ta gebyr (jf. § 33-1) gjeld ikkje områdereguleringar. I overeinskomst med kommunen kan likevel private utarbeide utkast til områderegulering. Det kan då også avtalast at privat tiltakshjavar skal påta seg heile eller delar av kostnaden med utarbeidinga av planen.

2.2. Detaljregulering

Regulert areal inntil 5000 m2 11 802
Tillegg pr. påbyrja 1000 m2 utover 5000 m2 2 360
Regulert areal over 10000 m2, totalt arealgebyr 29 504

3. Dispensasjonar og mindre planendringar
Før søknad om dispensasjon for føremålsendring frå gjeldande arealplan vert teken opp til administrativ handsaming, skal det betalast eit handsamingsgebyr på kr 10 260. Den same ordninga gjeld for mindre endringar av arealplan.

Andre dispensasjonar frå lov, forskrifter og føresegner kr 6 492.

4. Avvik frå gebyrsatsane
Der kommunen har særlege samordningsinteresser i eit planarbeid, eller det samla gebyret vert vurdert til å vera urimeleg høgt, kan forvaltningsutvalet redusere / gi fritak for gebyr på grunnlag av søkand.

5. Andre forhold
For særleg støtte til saker (oreigning, gjenfinning av eldre dokument, spesielle oppdrag, kart mm.) vert det utrekna betaling etter medgått tid.