Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Føremålet med produksjonstilskot er å bidra til eit aktivt og berekraftig jordbruk. Produksjonstilskotet omfattar ei gruppe ordningar som kan gjevast til drift av jordbruksareal, husdyrhald og grønt- og potetproduksjon etter satsar fastsett i eller i medhald av jordbruksoppgjeret.
Landbruksføretak som driv vanleg jordbruksproduksjon.
Produksjonstilskot kan gjevast til føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon dersom verksemda er registrert i Einingsregisteret og er registrert som meirverdiavgiftspliktig, eller har hatt ein samla omsetnad og uttak av avgiftspliktige varer og tenester på til saman minimum kr 20 000 i løpet av dei siste 12 månadane før registreringsdato.
Søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid sendast til kommunen .n..
Det er felles søknadsskjema for produksjonstilskot og avløysartilskot ved ferie og fritid. Søknad kan sendast inn via Internett på www.slf.dep.no/no/ eller www.altinn.no. Søknad kan òg sendast inn på papir. Papirskjema er ikkje gyldig utan signaturen til søkjaren.
Alle føretak som har levert søknad før, får automatisk tilsendt søknadsmateriell i posten (dersom ikkje føretaket aktivt har reservert seg mot dette).
Har du spørsmål om utfylling av søknad eller andre spørsmål som gjeld produksjonstilskot og avløysartilskot.
Nye søkjarar bør ta kontakt med kommunen i god tid før søknadsfristen, m.a. for å sikre at foretaket er korrekt registrert i Landbruksregisteret. Nye søkjarar som ønskjer å sende søknad via Internett må i tillegg sende skriftleg melding om kontonummer til kommunen.
Meir informasjon, rettleiing og forskrifter finn ein på Statens landbruksforvaltning sine nettsider: slf.dep.no
To søknadsomganger i året med søknadsfrist 20. august og 20. januar.
For avløysartilskot ved ferie og fritid er det éin søknadsfrist i året: 20. januar.
Fylkesmannen er klageinstans for vedtak fatta av kommunen. Statens landbruksforvaltning er klageinstans for vedtak som fylkesmannen fattar.
