Dette er fyrste søknadsomgangen i det nye systemet eStilPT, so ver ute i god tid med å levere søknaden din. Du må oppgje e-post eller mobilnummer for å få sendt inn søknaden. Det er viktig at du trykker på «kontroller søknad» og «send søknad» for at den skal bli innsendt.

Viktige datoar for søknadsomgangen i oktober 2017 :

  • 1.oktober er teljedato
  • 15.oktober er søknadsfrist
  • 29.oktober er frist for å etterregistrera / korrigera opplysningar i innsendt søknad
  • 10.januar 2018 er frist for å etterregistrera sanka dyr frå utmarksbeite, avløysarutgifter og levert frukt/bær

Opplysningar i denne søknadsomgangen er :

  • dyretal pr. 01.10.2017
  • arealopplysningar (eige og leigd areal)
  • dyr på beite / utmarksbeite
  • avløysarutgifter 2017
  • grovfôrsal
  • bevaringsverdige husdyrraser
  • levert frukt / bær 2017

Søknadsfristen 15. oktober er absolutt, - men det vil vera mogeleg å endra opplysningar 14 dagar etter fristen utan trekk i innlevert søknad. Syt for å få lagt inn ein søknad innan 15. oktober, så kan du korrigere opplysningar i etterkant.

Det vert ikkje lenger sendt informasjon i posten. All kommunikasjon går no via meldingsboksen i Altinn. Søknadsskjemaet finn du på www.landbruksdirektoratet.no eller på www.altinn.no

Aktuell informasjon om søknadsomgangen oktober 2017 finn du på Landbruksdirektoratet www.landbruksdirektoratet.no , gå til produksjon og marknad og vel aktuell søknadsomgang .

Søkar er sjølv pliktig til å sette seg inn i gjeldande regelverk.

Som søkar er du ansvarleg for at opplysningane på søknadsskjemaet er rette. Ved feil i søknaden som kunne medført for mykje utbetalt tilskot skal kommunen rette søknaden og vurdere / gjere avkorting i resten av tilskotet.

 

Korleis bestilla MinID – PIN-kodar

Om du ikkje har bank – ID eller anna pålogging til Altinn kn du bestille PIN-kodar til MinID.

Gå inn på https://brukerprofil.difi.no/orderpincode/ og legg inn fødselsnummeret ditt. Du vil motta PIN-kodebrevet innan 1-5 arbeidsdagar.

 

Arealtal i gardskart

Me minner om at det er arealtala i gardskart som vert lagt til grunn for søknaden. Finn ut av arealet i god tid. Preutfyllte opplysningar i søknaden er arealtal frå førre søknadsomgang og ikkje arealtal frå gardskart.

Oppretting av gardskart er eit kontinuerlig arbeid. Om du finn feil i kartet, ver bra å ta kontakt med kommunen. Feil i markslag skal meldast til landbrukskontoret og feil i eigedomsgrenser, uregistrert sameige m.v. skal meldast til oppmålingsavdelinga.
 

RMP ( Regionalt miljøprogram) 2017

Søknadsfrist for RMP er 15. oktober 2017. Leverer du søknaden etter fristen vil tilskotet verta redusert med kr. 1000,- pr. dag.

Me oppmodar om at søknadar om RMP vert levert elektronisk via Altinn. Det tek mindre tid og det er lettare å få alt rett.

Det vert ikkje lenger sendt informasjon i posten. All relevant informasjon for RMP 2017 vil vera tilgjengeleg på www.fylkesmannen.no/sfj/rmp.
Søkar er sjølv pliktig til å sette seg inn i gjeldande regelverk.