Tilsynet er svært omfattande. Rapporten frå fylkesmannen gjer greie for avvik som er avdekka, og er summert opp i 11 avvik. Samla representerer avvika alvorlege brot på forsvarlegheitskravet i barnevernslova. Dei mest alvorlege funna ved dette tilsynet indikerer at Sogn barnevern har for høg terskel for undersøking og tiltak, ikkje er tett nok på ved oppfølging av tiltak i og utanfor heimen og avsluttar saker på mangelfullt grunnlag.

Ordførar og rådmann meiner at funna frå tilsynet er svært alvorlege. Dei peikar særleg på at rapporten indikerer at terskelen for undersøkingar og tiltak er for høg, at barnevernet ikkje har vore tett nok på ved oppfølging av tiltak og at saker vert avslutta på eit mangelfullt grunnlag. Tilsynet har vore eit dokumenttilsyn, og ikkje eit tilsyn med sjølve tenesteytinga. Funna i tilsynet indikerer at det er stor fare for manglar ved tenesteytinga frå Sogn barnevern i denne perioden. Ordførar og rådmann peiker på at alle innbyggjarane må vere trygg på at varslingar til barnevernet vert følgde opp og undersøkt, og at dei born og unge og deira familiar som treng det får den oppfølginga dei skal ha frå barnevernet.

Kommunen meiner at tilsynsrapporten frå fylkesmannen gjev eit svært godt grunnlag for forbetringsarbeidet i Sogn barnevern som er sett i gang. Kommunen vil sende over ein plan for forbetringsarbeidet til fylkesmannen innan 1. februar 2017. Planen vil innehalde konkrete tiltak for forbetringar, tidspunkt for når tiltak vert sett i verk og korleis tiltaka skal evaluerast. Planen vil vise korleis alle avvika vil bli lukka. Planen vil bli utarbeidd av alle tilsette i tenesta. Fylkesmannen har tilbydd å bistå kommunen i dette arbeidet, noko kommunen vil nytte seg av.

Kontaktpersonar:
Ordførar Jarle Aarvoll, tlf. 90822420
Rådmann Jostein Aanestad, tlf. 99165935