Reduksjon i foreldrebetaling

Ingen skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si til barnehagen. I 2017 gjeld det for husstandar med samla inntekt som er lågare enn 500 500 kroner per år. Dette gjeld både kommunale og private barnehagar.

Søk om redusert barnehagebetaling

Vi gjer merksam på at alle må søkje på nytt ved kvart barnehageår og leggje ved siste sjølvmelding.

Retten til moderasjon gjeld frå og med den fyrste heile månaden etter søknadstidspunktet. 

Gratis kjernetid for 3-, 4- og 5-åringar i barnehagen

Stortinget har vedteke gratis kjernetid 20 timar per veke for 3-, 4- og 5-åringer i husstandar med samla inntekt under 450 000 kroner per år.
Den same ordninga gjeld for barn med utsett skulestart.

For begge ordningane gjeld:

Som husstand vert rekna ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Der barnet/barna bur fast hjå begge foreldra, skal betalinga reknast ut i frå inntekta i den heimen der barnet er registrert i folkeregisteret. Foreldrebetalinga skal reknast ut frå samla kapital- og personinntekt i husstanden.

For barnehageåret 2017/2018 må sjølvmelding for 2016 for husstanden leggjast ved søknaden som dokumentasjon. Dersom nokre opplysningar om skattepliktig person- eller kapitalinntekter ikkje kjem fram i sjølvmeldinga, er søkjar pliktig til å opplyse om dette i søknaden.

Du treng berre sende ein søknad. Oppfyller du krava til redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid, vil dette bli innvilga gjennom søknad om redusert foreldrebetaling.

I søknaden må dette komme fram:
* Husstanden si samla kapital- og personinntekt
* Namn på barn og fødselsdato på barnet                                     
* Namn på barnehagen barnet/ barna går i                                           
* Storleik på barnehageplass.

Har du spørsmål om redusert foreldrebetaling og/eller gratis kjernetid?
Ta kontakt med tenesteleiar Karin Johansen, telefon 57 62 97 91 eller epost