Nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetalinga.

Hvis maksprisen er høgre enn 6 prosent av den samla inntekta til husstandane, skal du ha redusert pris.

Søk om redusert barnehagebetaling

Ordninga går ut på at ingen skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si til barnehagen. I 2018 gjeld difor denne ordninga for husstandar med ei samla inntekt som er lågare enn 533 500 kroner per år. Dette gjeld både kommunale og private barnehagar. Kommunen har ansvaret.

Alle må søkje på nytt ved kvart barnehageår og leggje ved siste skattemelding
(sjølvmelding/"selvangivelse").

Retten til moderasjon gjeld frå og med den fyrste heile månaden etter søknadstidspunktet. 

Gratis kjernetid for 3-, 4- og 5-åringar i barnehagen

Alle 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i husstandar med låg inntekt, har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Frå og med 1. august 2017 gjeld dette for husstandar som har ei samla inntekt som er lågare enn 450 000 kroner per år.

For begge ordningane gjeld:

Som husstand vert rekna ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Der barnet/barna bur fast hjå begge foreldra, skal betalinga reknast ut i frå inntekta i den heimen der barnet er registrert i folkeregisteret. Foreldrebetalinga skal reknast ut frå samla kapital- og personinntekt i husstanden.

For barnehageåret 2017/2018 må sjølvmelding for 2016 for husstanden leggjast ved søknaden som dokumentasjon. Dersom nokre opplysningar om skattepliktig person- eller kapitalinntekter ikkje kjem fram i sjølvmeldinga, er søkjar pliktig til å opplyse om dette i søknaden.

Du treng berre sende ein søknad. Oppfyller du krava til redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid, vil dette bli innvilga gjennom søknad om redusert foreldrebetaling.

I søknaden må dette komme fram:
* Husstanden si samla kapital- og personinntekt
* Namn på barn og fødselsdato på barnet                                     
* Namn på barnehagen barnet/ barna går i                                           
* Storleik på barnehageplass.

Har du spørsmål om redusert foreldrebetaling og/eller gratis kjernetid?
Ta kontakt med tenesteleiar Karin Johansen, telefon 57 62 97 91 eller epost