Regionale miljømidlar

Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane skal stimulere til å ta vare på og utvikle det opne og særmerkte kulturlandskapet i fylket. Tilskota i miljøprogrammet er til liks med dei nasjonale produksjonstilskota ei årleg driftsstøtte til bruk i drift som oppfyller visse vilkår.

Vilkår

Må vere søkegode for produksjonstilskot - i nokre høve krav om miljøplan trinn 2

For meir informasjon og nyhende om regionalt miljøprogram, sjå Fylkesmannen sine nettsider.

Det regionale miljøprogrammet skal fungere som betaling til den enkelte gardbrukar for miljømessige driftsformar og produksjon av miljøgode.

Tilskotsordningar i Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane:
Tilskot til stølsdrift med mjølkeproduksjon
Tilskot til drift av bratt areal
Tilskot til Organisert beitebruk
Tilskot til skjøtsel med ammegeit og kje
Tilskot til skjøtsel av kystlynghei
Tilskot til beitedyr i verneområde
Tilskot til skjøtsel av automatisk freda kulturminne
Tilskot til skjøtsel av steingardar og bakkemurar
Tilskot til skjøtsel av styvingstre
Tilskot til skjøtsel av særleg verdifulle slåtte- og beitemarker
Tilskot til bevaringsverdige husdyrrasar

 

 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS