Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Rekneskapen for Sogndal kommune for 2010 er lagd fram med eit rekneskapsmessig resultat på 0 kroner.
Drifta viser eit samla meirforbruk på 2,5 mill. kroner, noko som er 1,8 mill. kroner betre enn i 2009. Mange område viser eit mindreforbruk, medan andre område har eit meirforbruk.
Tenesteområda helse og sosial og pleie og omsorg har eit meirforbruk på til saman 5,7 mill. kroner.
Vidare er det eit meirforbruk knytt til staumutgifter, då desse har auka med om lag 2,5 mill. i 2010 i høve til 2009.
Barnehagar og skular har eit mindreforbruk på til saman 4 mill. kroner.
Hovudtala (dvs. skatt, rammeoverføringar, netto rente, avkastningar m.v.) viser eit mindreforbruk på til saman 2,5 mill. kroner.
Rekneskapen er for tida til revisjon, og skal etter planen handsamast av kommunestyret i 28. april.
