Postadresse/Postal address:
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Elevar.
Foreldre til elevar.
Foreldre eller elevar som opplever at undervisninga er utøving av ein annan religion eller tilslutnad til eit anna livssyn er støytande eller krenkjande.
Elevar skal etter skriftleg melding frå foreldra få fritak frå dei delane av undervisninga som eleven eller foreldra ut frå eigen religion eller livssyn opplever som utøving av ein annan religion eller livssyn eller som dei opplever som støytande eller krenkjande. Skulen skal ved fritak leggje til rette for undervisning innanfor læreplanen.
Fritaksretten gjeld alle skulefag. Elevar som er fylt 15 år, kan sjølv gje skriftleg melding.
Skulen skal kvart år informere elevane og foreldra om reglane for fritak i opplæringa.
Meldinga vert levert til og handsama av skulen der eleven går.
Dersom skulen ikkje godtek fritaksmeldinga, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Klagen skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ynskjer endra i vedtaket og grunngje dette.Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen vert sendt Fylkesmannen skal den instansen som har gjort vedtaket vurdera om det er grunn til å endra det.
