Renovasjon - Plastsekker og bioposar

logo-simas

Frå 1. mai 2011 må restavfall som blir levert på miljøstasjonen vera i gjennomsiktige sekker.
Årsaka er at ein ynskjer å få sortert ut meir av det farlege avfallet.

Gjennomsiktige plastsekker kan kjøpast på miljøstasjonen.
Som ein ekstra service i starten vert det delt ut 2 sekker gratis til kvar enkelt brukar ved besøk i mai månad.

Les meir på SIMAS si nettside.


Utdeling av bioposar til husstandane vil skje i veke 18 og 19.
Det er difor viktig å hugse på å setje ut dunken med brunt lok desse vekene.

Ved tømming av våtorganiske dunkar på dei forskjellige rutene desse vekene, vil det bli lagt ut 2 stk rullar med bioposar på dunkane med brunt lok. Dette er berekna forbruk i 1 år.
Dersom ein har behov for fleire rullar kan desse kjøpast på dei fleste matbutikkar eller gjennom SIMAS.
 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Web levert av CustomPublish AS