Renovasjon

Målgruppe

Alle eigedomar der det er oppført bygning, og som kan definerast som abonnementeining etter § 2, er pliktige abonnentar. Utleigehytter i permanent utleige, det vil seia der bruken tilsvarar hus/husvære eller hybel, vert rekna som abonnementeining.

Handsaming

Det er Sogndal kommune som har hovudansvaret for renovasjonen i kommunen, men det interkommunale selskapet SIMAS, IKS som administrerer ordninga i praksis.

Søknad om dispensasjon frå ordninga, skal rettast til SIMAS, tlf. 57 65 70 70 eller  .

Renovasjonsgebyret dekker kostnader ved innsamling og behandling av avfallet, samt administrasjonen rundt dette. Alle som har ein eigedom med bygg i kommunen og som produserar hushaldningsavfall, skal ha eit renovasjonsabonnement; anten ordinært abonnement eller hytterenovasjon. Det kan søkast om fritak fra ordninga dersom det ikkje bur folk på eigedommen.

Verksemder som produserer næringsavfall kan få handsama avfallet utanom den kommunale renovasjonsordninga.

Eit standard abonnement utgjer tre dunkar a 140 liter. 

Slik sorterer du:

Brunt lok : Her legg du alt våtorganisk avfall, dvs. avfall som let seg bryta ned og etter kvart vert omdanna til jord. Typiske døme på dette er matavfall, barnebleier og hageavfall.

Grått lok : I restavfallsdunken kan du stort sett ha opp i det same som før, minus matavfall, hageavfall og barnebleier.

Blått lok : Papir, bølgjepapp, drikkekartongar, plastfolie-emballasje. Drikkekartongane pakkar du i bærepose og knyt igjen. Kvar abonnent får utlevert ein rull med tretten plastknytesekker som skal nyttast til plastemballasje. Denne skal leverast i lag med dunken for papp/papir. Nye sekkar kan hentast i Tenestetorget.

Hentefrekvensar :
Dunkane for våtorganisk avfall (brunt lok ) vert henta kvar 14. dag. Dunkane for restavfall (grått lok) vil bli henta kvar 4. veke. Dunken for papp/papir (blått lok) vil bli henta kvar 4. veke.

Dunkane skal plasserast på tilvist stad innan kl. 07.00 hentedagen. Treng du andre storleikar på dunkane, eller du ynskjer å levera isaman med andre, ta kontakt med SIMAS tlf. 57 65 70 70.

 

Miljø- og avfallsstasjonen i Festingdalen har desse opningstidene:

Mån: 09.00–15.00
Tors: 09.00-18.00

 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS