Type behaldar (bosdunk) 140 liter 240 liter
Behaldar for våtorganisk avfall med hentefrekvens kvar 14. dag 1 410 -
Behaldar for restavfall med hentefrekvens kvar 4. veke    916 1 284
Behaldar for papp/papir med hentefrekvens kvar 4. veke    667 934

I tillegg kjem 25% meirverdiavgift

Type kompostering Etter punkt 6.3.1 Etter punkt 6.3.2 Etter punkt 6.4
Satsar for heime- og samkompostering
Heimekompostering 353 205 -
Samkompostering - - 205

I tillegg kjem 25% meirverdiavgift

Renovasjon Pris eks. mva 
Døme på dei mest vanlege gebyrsatsane
Standardabonnement (pkt. 6.1) 3 022
Minimumsgebyr (pkt. 6.2.1) 1965
Abonnent som heimekomposterer (pkt. 6.2.3/6.3.1) 1 965
Hyttegebyr for dei abonnentane som leverer i felles container/dunk (pkt. 6.6) 1 162

Gebyr for fritidshus/fritidshusvære er 40% av standardgebyr ved levering til behaldar/dunk/bosbu eller i sekk. Ved levering i 3 stk. 140 liter behaldarar (våtorganisk avfall, restavfall, papir/papp) er gebyret 50% av standardgebyret.

Reduksjon i renovasjonsgebyret

Etter grunngjeven søknad kan det gjevast ein gebyrreduksjon på maks 35% i høve eit standardabonnement, jamfør punkt 6.1, til einsleg person i eige husvære, som ikkje har høve til å levere i lag med andre.

Fleire abonnenteiningar kan gå saman om avfallsbehaldarar, og gebyret vert fastsett i samsvar med dei kombinasjonane som kjem fram ved samanstilling av volum. Abonnentar som kombinerer/deler behaldarar, vil kunne oppnå ein gebyrreduksjon på maks 35% i høve eit standardabonnement, jamfør punkt 6.1, pr. abonnementeining.

Abonnentar som heimekomposterer eller samkomposterer, vil kunne oppnå ein gebyrreduksjon på maks 35% i høve eit standardabonnement, jamfør punkt 6.1, pr. abonnementeining. Ein føresetnad for dette er at reglane i punkt 6.3 vert etterfølgde.