Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Personar som har fått restskatt ved skatteoppgjeret
Har du betalt for lite skatt før likning, må du betale restskatt. Han må betalast sjølv om likninga blir klaga på. Restskatt over kr 1000 forfell til betaling i to terminar. Betaling skjer til skatteoppkrevjaren sin bankkonto for skatt. Det er òg høve til å bruke elektronisk betaling med bruk av KID. KID-nummeret står nede til venstre på den tilsende giroen. KID-nummer kan du òg få ved å vende deg til skatteoppkrevjaren eller på www.skatteetaten.no. Forfall kjem tydeleg fram på giroen. Betaling kan òg skje ved oppmøte på skatteoppkrevjarkontoret.
Ved utelaten betaling påløper forseinkingsrenter frå forfall og fram til betaling skjer. Dersom kravet ikkje betalast frivillig, vil skatteoppkrevjaren iverksetje tvangsinnfordring og kostnader kan påløpe etter rettsgebyrlova.
Dersom skattytaren er usamd i likninga, sendast klage til skattekontoret. Fristen for klage på likninga er generelt tre veker etter kunngjering av at skattelista er lagt ut. Når skattytaren har levert sjølvmelding som er fylt ut på førehand og er omfatta av det første skatteoppgjeret, skal klage over likninga leverast innen 10. august eller innan seks veker etter at det blei kunngjort at skatteoppgjeret var ferdig.
