Retningsliner for arrangement i Sogndal Kommune

Den som er ansvarleg for arrangement, pliktar i god tid før arrangementet skal finne stad å gje melding til brannvesenet. Dette gjeld dersom arrangementet vert halde i eit byggverk eller på eit område som normalt ikkje vert nytta til slikt formål (Brann- og eksplosjonsvern lova av 2002 §7). Døme på slike arrangement kan vere festivalar, utstillingar, førestillingar, overnattingar i alternative byggverk (skular, barnehagar osv.) m.m.

Det er ikkje alltid naudsynt å sende den samla dokumentasjon til brannvesenet, men det må gå fram av meldinga og vedlagt dokumentasjon at alle vilkår nedanfor er gjennomgått og vurdert. Ansvarshavande pliktar å avklare med brannvesenet kva for dokumentasjon som må sendast inn for å kunne vurdere om brann- og persontryggleiken er ivareteken i samband med det planlagde arrangementet. Omfanget av dokumentasjonen må tilpassast type arrangement, aktivitet, risikoforhold og storleik.

Ved kontroll må ein rekne med krav om å leggje fram all utarbeida dokumentasjon.

Følgjande må vere vurdert og dokumentert i meldinga: 

  1. Ansvarleg for arrangement og tel.nr til vedkommande under arrangementet
  2. Løyve frå eigar av bygning/området, ev. grunneigar dersom arrangementet skjer i telt og liknande
  3. Vaktmannskapa sine føresetnadar: tal vaktar, instruksar, kompetanse og kommunikasjonsmoglegheiter internt og eksternt
  4. Risikoanalyse; kartlegging av kva som kan gå gale, korleis dette skal hindrast frå å skje og kva for sikringstiltak som er planlagd for å redusere konsekvensane om noko skulle skje.
  5. Fastsetting av tal personar. Tal personar bør fastsetjast etter særskilt analyse av brannteknisk rådgjevar. Dersom arrangør ikkje er i stand til å utarbeide ei vurdering over tal personar eller at den innsendte dokumentasjon for vurdering av tal personar ikkje er tilstrekkeleg, kan brannvesenet påleggje arrangør å søkje bistand frå ekstern kompetanse/branntekninsk rådgjevar. Arrangør plikter sjølv å avklare dette med brannvesenet i god tid slik at denne utrekninga kan leggast ved meldinga.
  6. Dimensjonering av rømingsvegane (kvar dei er, tal, tilkomst, bredde, merking osv.) sett i forhold til berekna tal personar og tilgjengeleg rømingstid.
  7. Rømingsplan som syner slokkeutstyr, rømingsvegar osv. saman med objekt og utstyr som skal nyttast i bygget/området elles, t.d telt, scene, bodar, kjøretøy osv.
  8. Innsatsplan som viser kvar hovudtilkomst og ev. alternativ tilkomst for utrykkingskøyretøy, risikosoner som ev. krev evakuering og vassforsyning for slokkevatn og liknande. Innsatsplan må sjåast i samanheng med "retningsliner vedrørande tilrettelegging for rednings- og slokkemannskap i Sogndal kommune", utgjeve av brannvesenet.
  9. Andre sikringstiltak/vurderingar knytt til personar mm.

Ved mellomstore eller store arrangement og festivalar som vil gå føre i fleire lokale/bygg eller på offentleg stad og som vil føre til samling av mange menneske, kan det vera aktuelt å setje inn tiltak av både førebyggjande (avgrense tal personar) og beredskapsmessig art (sikre framkomst for utrykkingskøyretøy og tilkomst til brannhydrantar og kummar).

Det er ansvarshavande for arrangementet som skal sørgje for at brann- og persontryggleiken blir vurdert og dokumentert. Dersom ansvarshavande sjølv ikkje har nødvendig kompetanse eller kapasitet til å utarbeide dokumentasjonen, pliktar han/ho å hente inn nødvendig kompetanse. Dersom arrangør ikkje er i stand til å utarbeide den nødvendige dokumentasjon sjølv, eller den innsendte dokumentasjon vurderast å ikkje vere tilstrekkeleg, kan brannvesenet påleggje arrangør å søke bistand. Dette gjeld særskilt vurdering av tal personar. 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS