Vedtekne i sak 23/17 i Sogndal kommunestyre.

1. Generell

  • Kulturmidlane kan søkast på av alle lag og organisasjonar som arrangerer kulturtilbod for barn og ungdom.

  • Dette gjeld all aktivitet. (Ein kan og få tilskot til instruksjon og rettleiing og til leiaropplæring)

  • Tilskotet kan ikkje nyttast til investeringar i bygg og anlegg eller til normale driftsutgifter for institusjonar med særskild statleg tilskotsordning til drift.

2. Vilkår for å få tilskot

  • Tiltaket må kome innanfor ei romsleg tolking av kulturomgrepet.

  • Søkjar kan vere lag, samskipnader, institusjonar (eller einskildpersonar) som driv kulturarbeid i kommunen.

  • Prinsippet må vere at tiltaket vil gje auka aktivitet og trivsel for innbyggjarane i ei grend eller i heile kommunen. Tilskotet vert gjeve etter m.a. aktivitet, medlemstal, økonomi og kontingent, og ein vil prioritere nye tiltak og lag som driv aktivt, men økonomisk forsvarleg.

  • Søknadsfrist må overhaldast – med unnatak av pkt. 4, andre kulepunkt.

  • Søknaden sitt innhald:

    • Det skal nyttast eige søknadsskjema.

    • Det skal leggast ved budsjett for det omsøkte tiltaket.

    • Lag og organisasjonar som har barn og unge under 18 år som medlemmar skal legge ved medlemsliste.

    • Grunngjeven plan for det vidare arbeidet.

    • For søknadar om støtte til einskildarrangement er det tilstrekkeleg med skildring av tiltaket og budsjett for gjennomføring.

3. Modell for fordeling av tilskot

  • Støtte til einskildsøknadar er avgrensa oppad til 10% av samla pott til kulturmidlar

  • Inntil 2/3 av kulturmidlane skal fordelast etter medlemstal

  • Ut frå tal søknadar og medlemmar skal det fastsetjast ein sats for fordeling pr. medlem, der det det pr. medlem i intervallet 1-50 medlemmar skal ha høg sats, 51-100 medlemmar skal ha middels sats og 101-200 medlemmar skal ha låg sats. Medlemstal ut over 200 medlemmar gjev ikkje utteljing i modellen.

  • For særleg kostnadskrevjande aktivitetar kan denne modellen avvikast.

  • Resterande kulturmidlar vert fordelt etter eit skjønnsmessig vurdering opp mot øvrige kriterier i retningslinene.

4. Tidspunkt for fordelinga

  • Det er ei fast hovudutdeling for året med søknadsfrist 15. april. Ein del av midlane bør haldast att til resttildelinga på hausten.

  • Formannskapet og velferd-, oppvekst- og kulturutvalet (vok-utvalet) kan og nytte kulturmidlane til eigne tiltak elles i året. Desse tildelingane kan gjevast på grunnlag av søknader eller på initiativ frå formannskapet og/eller vok-utvalet.

  • Kommunestyret har delegert til vok-utvalet å fordele kulturmidlane. Retningslinene bør evaluerast fjerde kvart år.

5. Kommunen har følgjande prioriteringar

Vedtekne retningsliner for tildeling av kulturmidlar i Sogndal kommune ligg til grunn for tildelinga med følgjande presiseringar/prioriteringar:

  • Tiltak for barn og unge er prioriterte.

  • I tillegg vil ein kunne prioritere tiltak som gjev eit kulturtilbod for folk i kommunen- som konsertar og andre framsyningar - og drift av forsamlingslokale.

  • Lokale tiltak skal prioriterast framfor tiltak på regional/fylkesplan.

  • Ein del av midlane skal kunne nyttast i eit samarbeid med lag/organisasjonar/skular for å få gjennomført vedtekne tiltak t.d. i friluftsplanen og miljøplanen.

  • Ut over dette er det ingen øyremerka tilskot.