Jamfør plan og bygningslova § 11-1 skal kommunen ha ein arealplan for heile kommunen (arealdel til kommuneplanen) som viser samanhengen mellom samfunnsutviklinga og behov for vern og utbygging og framtidig arealbruk.

Arealdel til kommuneplanen består av plankart, føresegner og planomtale med risiko- og sårbarheitsanalyse og konsekvensutgreiing. Planen fastset framtidig arealbruk for kommunen og er etter kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.   

Arealdel til kommuneplanen var gjennom ei grundig revisjon i førre periode, då den vart vedtatt i 2013. Etter administrasjonen sine erfaringar fungerer planen godt etter målet om å vere eit styringsverktøy for arealbruken i kommunen. Gjennom planstrategien for Sogndal kommune har kommunestyret vedtatt at arealdel til kommuneplanen skal gjennom ein enkel revisjon med fokus på utvalde hovudtema. Mellom anna vil fokuset vi har hatt på urbanisering og nyskapande friluftsliv vidareførast.

Planprogrammet er utarbeida for å skildre korleis Sogndal kommune vil gjennomføre arbeidet med ny arealdel. Her vert det gjort greie for kva formål planen skal ha, kva tema som skal handsamast, korleis vi vil organisere arbeidet, korleis ein kan medverke i planarbeidet og framdriftsplan.
 

Hovudtema i revisjonen er:

  • Urbanisering og nyskapande friluftsliv
  • Bustad og nærmiljø
  • Kommunale tenester
  • Nærings- og sentrumsområde på Kaupanger
  • Infrastruktur
  • Overskotsmassar og massedeponi

Har du spørsmål til planarbeidet vil det vere open kontordag på kommunehuset
8.5.2018 kl. 08:30 – 16:00 hjå arealplanleggar Hilde Helene Bjørnstad.  
 

Har du innspel og merknader?

Medverknad og deltaking frå innbyggjarar, politikarar, næringsliv, interesseorganisasjonar og rørde myndigheiter vil vere mogleg gjennom to hovudfasar i planarbeidet.

  1. Høyring av planprogram (der vi er no)
  2. Høyring av framlegg til revidert arealdel

Fase 1 er i samband med offentleg ettersyn til planprogrammet og fase 2 er i samband med offentleg ettersyn av sjølve planframlegget. Det er i fase 1 moglegheitene for påverknad er størst, sidan det er tidleg i prosessen.

Innspel til planarbeidet og merknad til planprogrammet kan sendast skriftleg innan 2.6.2018 via skjema,
pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller pr. brev til postboks 153, 6851 Sogndal.

Ved innspel til konkrete arealbruksendringar skal dette skjemaet fyllast ut og sendast inn:  
Skjema til utfylling ved innspel til arealbruksendringar i kommuneplan 2018-2028
 

Dokument i saka:

Dokumenta ligg også i resepsjonen på kommunehuset for gjennomsyn.