Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Salsløyve kan søkjast av firma/personar som ønskjer å drive sal og utlevering av alkoholhaldig drikk som skal drikkast utanfor salsstaden.
Sal av alkoholhaldig drikk kan berre skje på grunnlag av løyve etter alkohollova. Det blir kravd ulasteleg vandel. Løyvehavaren skal utpeike ein styrar med avløysar som er knytt til salsstaden. Begge må ha stått til kunnskapsprøven om alkohollova. Begge personane må vere over 20 år, dei må arbeide i verksemda og dei må oppfylle dei krava som blir sette i alkohollova og serveringslova.
Bensinstasjonar eller kioskar kan ikkje få salsløyve.
Vedlegg til søknad
Når søknaden er motteken i kommunen, blir det innhenta fråsegner frå politiet, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmyndigheitene. Du får skriftleg melding om vedtaket.
