Dagsorden

  1. Velkomen ved leiar i VOK (Utval for Velferd, Oppvekst og Kultur) – Gunnhild Bøyum
  2. Innleiing om kva eit kulturråd kan vera
  3. Felles drøfting
  4. Oppsummering
  5. Ev andre innspel

Bakgrunn for møtet:

I økonomiplanen for 2018 heiter det under dei 10 viktigaste prioriterte utviklingsområda:
«Vi skal legge til rette for auka samarbeid mellom frivillig sektor og Sogndal kulturhus og m.a. drøfte oppretting av eit kulturråd i kommunen.»

I kommunen har vi frå før Sogndal idrettsråd, som sikrar samordning av interessene for idretten, og at i alle saker som vedkjem idretten vert idrettsrådet teke med på råd. 

Kvart lag vert invitert med 1-2 personar. Påmelding ikkje naudsynt. I tillegg vert VOK utvalet invitert.

Vel møtt!