Sogndal kommune tilfredsstiller desse krava, og søkte midlar til fire delprosjekt med eitt års varigheit:

  1. Satsing på Dei utrulege åra (Duå) / Zippys vener (totalt 40% stilling) 
  2. Satsing på skulehelsetenesta ved ungdomsskulane (20% stilling ved Kaupanger og 60% stilling ved Kvåle) 
  3. Tidleg heimebesøk med jordmor (20% stilling) 
  4. Lågterskeltilbod med psykiatrisk sjukepleiar (100% stilling)

Totalt vart det søkt om kr. 2.290.000. Søknadshandsaminga er no sluttført, og Helsedirektoratet har gjeve full støtte til Sogndal sin søknad og vi har fått heile søknadsummen i tilskot.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane melder at 7 kommunar i fylket har fått tilskot, og Sogndal er den kommunen som har fått mest. 

Tenesteleiar ved helsestasjon og jordmortenesta, Anita Andersen Orrestad, er veldig glad for tilskotet og seier at dette vil gje tenesteeininga særs gode moglegheiter til å prøve ut utvidingar av tenestetilbodet. Neste steg vert å lyse ut ledige prosjektstillingar, og oppstart av satsingane vil vere avhengig av tilsetjingsprosessar.