Seksjonering

Seksjonering er ein måte å organisere sameige av fast eigedom på. Seksjonering eignar seg mellom anna for oppdeling av bustadblokker og horisontaldelte to- og firemannsbustader. Ein seksjon vil vere ei eiga juridisk eining som kan omsetjast og bli lånt på uavhengig av resten av eigedommen eller brukseiningane.

Målgruppe

Hus- og bygningseigarar

Vilkår

For å få etablert ein seksjon eller endre ein seksjon, må brukseininga (-ane) vere godkjende etter reglane i plan- og bygningslova for det føremålet eininga skal tene. Når det gjeld eksisterande bygningar, inneber dette at pålagde bygningsmessige tiltak må vere gjennomførte før seksjonering eller reseksjonering kan skje.

  • Det må knytast einerett til bruk av brukseininga
  • Hovuddelen i brukseininga må vere ein klart avgrensa og samanhengjande del av ein bygning på eigedommen
  • Inndelinga må gje ei føremålstenleg avgrensing av kvar brukseiningDu kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om eigarseksjonering eller reseksjonering.
Vedlegg til søknad
Skjema for seksjoneringsbegjæring
Planteikningar
Situasjonsplan - kart over eigedommen som skal seksjonerast
Vedtekter
Namneliste over dei som bur der

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Klage

 

Du kan klage på vedtaket innan tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.


Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal

Våre einingar

Sjølvbetening

Statleg informasjon

Web levert av CustomPublish AS