Kommunen kan etter begjæring gi løyve til å opprette eigarseksjonar etter eigarseksjonslova. Ein eigarseksjon vil vere ein eiga juridisk eining som kan omsetjast og lånast på uavhengig av resten av eigedommen eller brukseiningane. Eigarseksjonar eignar seg blant anna for oppdeling av bustadblokker og horisontaldelte to- og firemannsbustadar.

Bygningane som skal seksjonerast, må vere ført opp eller ha gyldig igangsettingsløyve.

Reseksjonering er endring av allereie seksjonerte eigedommar.

Kven kan søkje?
Eigedommen sin heimelshavar(ar) eller person(ar) med fullmakt.

Søknaden skal innehalde:

  • Begjæringsskjema skal oversendast i 3 eksemplar og skal vere underteikna av samtlege heimelshavarar til eigedommen. Firmaattest må leggjast ved søknaden i dei tilfelle der heimelshavar er eit firma. På begjæringsskjemaet skal ein avgi eigenerklæring på side 2.
  • Vedtekter for sameige leggast ved i 1 eksemplar. Minstekravet lova stiller er opplysningar om eigedommens gards- og bruksnummer og tal styremedlemmar. Vedtektene sitt innhald skal ikkje vurderast eller godkjennast av kommunen.
  • Seksjoneringskart som viser korleis eigedommen skal seksjonerast leggast ved i 3 eksemplar.
  • Planteikningar blir lagt ved i 3 eksemplar. Det skal brukast kopiar av planteikningar godkjent i samband med byggjesak over bygninga sine etasjar, medrekna kjellar og loft. Det må følgje med planteikningar over alle bygningane som eigedommen består av.
    Grensene for brukseiningane, forslag til seksjonsnummer og bruken av dei enkelte rom må klart merkast av. Det same gjeld grense mellom seksjon og fellesareal. Det tilråast at markeringane skjer ved bruk av ulike farger og/eller skraver.
    På kvar seksjonsdel, både hoveddel og tilleggsdel, skal det påførast forslag til seksjonsnummer. Teikningane skal vere påført gnr/bnr, adresse og etasjenr. Målestokk helst 1:100. Alle dokumenta må vere i A4-format.
  • Det skal stadfestast at separat stoppekran for vatn og separat sikringsskap ligg innanfor den enkelte brukseininga eller i fellesareal.
  • Namneliste over bebuarar (1 eksemplar) blir lagt ved dersom seksjoneringa gjeld ein eksisterande bygning. Namnelista skal innehalde namn og adresse på alle leigetakarar av bustad på eigedommen. Kommunen nyttar desse opplysningane for å orientere alle legetakarar om reglar og føresegner om kjøperett og klagerett over kommunens seksjoneringsløyve.

Oppmåling av uteareal tilhøyrande ein seksjon
I henhald til matrikkellova § 6, skal nytt eller endra uteareal til ein seksjon målast opp med tilhøyrande oppmålingsforretning.

Vedtaksbehandling - matrikkelføring - matrikkelbrev

  • Søknaden behandlast av kommunen som gir søkjar tilbakemelding dersom den er mangelfull.
  • Det fattast eit eige vedtak til seksjonering med heimel i eigarseksjoneringslova. Vedtak og underskrive seksjoneringsbegjæring sendast rekvirent.
  • Bustadseksjonar i fleirbustadhus må ha fått tildelt bustadnummer før seksjonane registrerast i matrikkelen. Når matrikkelen er ført, sender kommunen melding om dette til tinglysinga med tilhøyrande dokument. Når tinglysinga er gjennomført, skal kommunen skrive ut eit matrikkelbrev til rekvirenten.

Gebyr
Kommunen sitt arbeid etter eigarseksjoneringslova er gebyrbelagt. I saker der det ikkje utførast synfaring skal det betalast 3 gonger rettsgebyret, dersom det blir gjort synfaring skal det betalast 5 gonger rettsgebyret. I tillegg kjem tinglysingsgebyr og eventuelt gebyr for oppmåling av uteareal (tilleggsdel i grunn).

Reseksjonering
Framgangsmåten for reseksjonering er den same som ved seksjonering og skal innehalde same skjema og bilag som viser endringane.

  • Ein seksjon kan delast i to eller fleire seksjonar ved tinglysing av eigen seksjoneringsbegjæring som er sett fram av seksjonens heimelshavar. To eller fleire seksjonar kan på same måte slåast samen til ein eller fleire seksjonar. Reseksjonering der oppdeling medfører oppretting av nye fellesareal, krev styret sitt samtykke. Medfører oppdelinga oppretting av nye seksjonar og auke i det samla stemmetalet, krevst samtykke frå sameigemøtet.
  • Begjæring om reseksjonering i andre tilfeller skal setjast fram av styret. Begjæring om løyve til endring av brukseiningas formål frå bustadformål til anna formål eller omvendt skal setjast fram av seksjonens heimelshavar med samtykke frå sameigemøtet.
  • Reseksjonering vil i dei fleste tilfelle vere avhengig av samtykke frå alle som har tinglyst pant i dei seksjonane det gjeld.

Oppheving av seksjonering
Dersom ein ikkje lenger ynskjer at en eigedom skal vere seksjonert, kan heimelshavar begjære oppheving av seksjoneringa. Det skjer ikkje ved reseksjonering, men ved begjæring av oppheving.

Skjema begjæring om oppheving av seksjonering skal signerast av samtlege heimelshavarar til seksjonane eller dei som er gitt slik fullmakt. Original fullmakt må då eventuelt følgje med. Samtlege panthavarar må i tillegg samtykke til oppheving av seksjoneringa.

Begjæring om oppheving med naudsynte dokument sendast samla til kommunen som fører slettinga i matrikkelen. Kommunen sender over begjæringa med vedlegg til tinglysing.

Når tinglysing er fullført, skriv kommunen ut eit matrikkelbrev for eigedommen. Kommunen kan kreve gebyr for å skrive ut matrikkelbrev.