Ein må søka om serveringsløyve for å kunne drive kafè, restaurant o.l.
Serveringsstaden må også ha godkjenning av Mattilsynet. I tillegg må styraren for verksemda ha greidd Etablererprøva i Serveringslova før serveringsløyvet vert gitt.

Søknaden må innehalda:

  • namn og adresse til søkaren
  • namn og adresse til styrar og stadfortredar
  • opplysning om kvar serveringsstaden skal drivast.
  • dokumentasjon på avlagd etablerarprøve.- skatteattest RF-1244 frå skatteoppkrevjaren.

Kommunen skal innhenta uttale frå lensmannen. Det kan også innhentast uttale frå andre offentlege myndigheiter, jf. serveringslova § 11.