Serveringsløyve

Det må søkjast om serveringsløyve for å kunne drive serveringsstader der det skal serverast mat og/eller drikke. Styrar for serveringsstaden må ha bestått etablerarprøva i serveringslova før serveringsløyvet vert gjeve. Serveringsstaden må også ha godkjenning av Mattilsynet.

Vilkår

Dagleg leiar for serveringsstaden må klare ein etablerarprøve for å dokumentere nødvendige kunnskapar om økonomistyring og om lovgiving som gjeld for drift av serveringsstader. 

Løyvesøkjaren, dagleg leiar og personar som har vesentleg medverknad på verksemda, må ha utvist ulasteleg vandel.

Søkjaren må i tillegg ha godkjenning frå mellom anna Mattilsynet og frå dei kommunale bygningsmyndigheitene for å kunne drive serveringsverksemd i ein bygning. Det må for eksempel liggje føre godkjend bruksendring dersom bygningen er regulert til andre formål, og krav til parkeringsplassar må vere oppfylte

Serveringslova av 13. juni 1997

Handsaming

Søknaden skal innhelde følgjande opplysningar:

  • namn og adresse på den ansvarlege for verksemda. Dersom serveringsverksemda vert driven av ein juridisk person, skal det også bli gitt opplysningar om organisasjonsnummer og eigarsamansetnad
  • lokalisering av verksemda
  • namn og adresse på på styrar og stedfortredar
  • dokumentasjon på faglege kvalifikasjonar (etablerarprøva - jf. §5)
  • skatteattest for den som er ansvarleg for verksemda
     

Handsamingstid

Snarast råd og seinast innan 60 dagar 

Søknadsfrist

Søknader vert handsama fortløpande .

Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Fylkesmannen er klageinstans. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka gå vidare til Fylkesmannen. 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS