Serviceskyssen er eit brukarstyrt transporttilbod som hentar deg heime hjå deg sjølv, og som køyrer deg heim att. Det er sett opp ruter på faste dagar og til fast tid, kvar eller anna kvar veke. Tilbodet blir vurdert jamnleg. Dersom ei rute ikkje vert brukt, kan ho bli endra eller lagt ned.

Alle som reiser med serviceskyssen må tinga plass innan kl 20.00 dagen før. Dette er viktig. Grunnen er at drosjeeigar skal vita kvar han skal køyra og kor stor bil han må ha.

Prisen er kr 25 kvar veg.

Når det gjeld rutetilbodet frå Fjærland, tingar du plass ved å ringja drosjen i Fjærland telefon 909 26 582.
For dei andre rutene tingar du plass ved å ringja Sogndal taxisentral telefon 57 67 10 00, epost post@sogndaltaxi.no

Er det andre ting du lurer på når det gjeld Serviceskyss kan du kontakta Frivilligsentralen telefon 99 28 60 17, epost frivilligsentralen@sogndal.kommune.no