Søknadsfristen for hovudopptaket er 1. mai. Det må søkast på nytt for kvart skuleår.

Søk SFO-plass

Foreldre/føresette søkjer om plass ved den skulen eleven går/skal gå på. Plassen vert tildelt for 1 år og det er 1 månad oppseiingsfrist/endringsfrist. Melding om oppseiing eller endring må vere motteken før den 1. i månaden.
Ved oppseiing av ein SFO-plass etter 15. februar, må foreldra betale for plassen ut juni. (Vedtektene § 4)

Skulefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hjå borna. Skulefritidsordninga skal gje borna omsorg og tilsyn.