Situasjon etter Dagmar sine herjingar i Sogndal

Oppdatert informasjon og bilete frå Dagmar sine herjingar i Sogndal kommune 28.12.2011

Heile kommunen har vore hardt råka av hard vind og mykje regn frå 1. juledag om kvelden til på ettermiddagen 3. juledag. Skader er det dei fleste plassar. Det gjeld særleg tak på hus og uthus og vegar. I tillegg har skogen fått store skadar.

Tiltak frå kommunen si side vart sett i verk frå 1. juledag om kvelden då straumen vart ustabil og til slutt vart borte. Då gjeldt det særleg tryggleik for bebuarar på helse og sosialinstitusjonane. Frå 2. juledag om føremiddagen vart kriseberedskapsrådet sett i funksjon og har vore i funksjon heilt til situasjonen no er gått avklara på ettermiddagen onsdag.

Beredskapssituasjonen har vore prega av at straum og kommunikasjonane har vore borte i fleire delar av kommunen. Særleg gjaldt dette Fjærland som først fekk igjen straum og fastnett og mobilnett på ettermiddag og kveld tysdag. Vatn har gjort mykje skade mange stader. Det same sjølvsagt med vinden.

Stor innsats har vore gjort av innbyggjarane som har sytt for open vassveg mange stader og har sett til naboar og til hus som ikkje er bebudd.
Sognekraft sine folk har stått på til alle døgnets tider og har særleg hatt ein krevjande jobb i Fjærland. Her stilte innbyggjarane opp saman med Sognekraft og det førte til at ein tidlegare fekk ordna lina i bygda.
Kommunale tilsette har gjort ein framifrå jobb, bebuarar på helseinstitusjonar er tekne godt vare på og her har situasjonen vore slik at tre bebuarar frå busenteret i Fjærland måtte evakuerast til Sogndal. Utegjengen har hatt harde døgn, men har løyst oppgåvene godt og sikra at ikkje større verdiar har gått tapt.

Kommunen vil no evaluera den situasjonen som har vore og laga ein rapport som vil fokusera på som kan setje oss i stand til å møte slike situasjonar på ein betre måta i framtida. Rapporten vert gjort tilgjengeleg har på heimesida etter at fylkesmannen sitt evalueringsmøte med kommunane den 6. januar er halde.

Dei som har bilete frå situasjonen kan gjerne sende desse på e-post til postmottak@sogndal.kommune.no

 

Ordførar Jarle Aarvoll

Her er nokre situasjonsbilete teke onsdag føremiddag:

Ivar Supphellen sitt fjøstak vert reparert
Supphelledalen vart hardt råka, faktisk hardast 3. juledag. Her vøler ein på fjøstaket til Ivar Supphellen

God vegrydding på vegen inn Supphelledalen
God vegrydding på vegen inn Supphelledalen

 

På Skeie har nyfjøsen fått hard medfart
På Skeie har nyfjøsen fått hard medfart

Langs vegen til Horpedal har store tre vorte knekte
Langs vegen til Horpedal har store tre vorte knekte


Her er Sverre Tufte Mundal i god gang med å rydde skreda på vegen til Jordal
Her er Sverre Tufte Mundal i god gang med å rydde skreda på vegen til Jordal

Elva i Eidsgrenda tok deler av vegen, her sikrar Einar Dalaker elva for å hindre ny flaum
Elva i Eidsgrenda tok deler av vegen, her sikrar Einar Dalaker elva for å hindre ny flaum

Vegen i Eidsgrenda er ordna fint
Vegen i Eidsgrenda er ordna fint

I kvam vart vegen og øydelagt, men er no ordna godt
I kvam vart vegen og øydelagt, men er no ordna godt


1 Leidningsnettet vart hardt råka her frå telefonleidning inn Supphelledalen og straumforsyning til Horpedal

2 Leidningsnettet vart hardt råka her frå telefonleidning inn Supphelledalen og straumforsyning til Horpedal

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Leidningsnettet vart hardt råka her frå telefonleidning inn Supphelledalen og straumforsyning til Horpedal

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Web levert av CustomPublish AS