RS
Kva er RS-virus?

RS-virus er forkorting for respiratorisk syncytialvirus.
I vintermånadane er denne gruppa virus den hyppigaste årsak til akutt bronkitt hjå små barn. Barn under to år, og spesielt barna under seks månadar blir smitta av dette viruset.

RS-viruset gjer seg mest gjeldande i vintermånadane og tidleg på våren. Barnet kan bli veldig medteken og sjukehusinnlegging kan vere naudsynt. Men tilstanden er veldig sjeldan livstruande, og dei fleste barn kjem seg utan mèn. RS-virus smittar frå person til person via dråpesmitte. Når ein vaksen eller eit eldre barn berre vil vere forkjøla, blir det lille barnet oftast meir medteken av sjukdommen.

Kva er symptoma?

  • Startar gjerne med at nasen renn og barnet nyser
  • Så følgjer feber omkring 38,3-39,4 grader
  • Barnet utviklar hoste og har vanskeleg for å puste inn
  • Symptoma utviklar seg ofte i løpet av få timar. Den mest kritiske perioden pleier å oppstå cirka to til tre dagar etter at hosten starta
  • Dei små luftvegane er nå påverka, og pustinga vlir tung og kan vere smertefull
  • Raslande lydar i brystkassen, bleikheit og blåfarge omkring munnen og under fingerneglene kan vere teikn på at sjukdommen er blitt alvorleg. Det same gjeld hurtig pust
  • Barn under seks månadar får vanskeleg for å die, og søvnen blir hurtig påverka fordi pusteproblema gjer at barnet kun søv kortvarig

Kva gjer ein?
Kontakt lege ved symptom.

Barn under seks månadar blir som oftast innlagt på sjukehus viss dei får RS-virus. Det gjeld spesielt om barnet har pustebesvær og har vanskar for å ete, drikke og sove. Eldre barn kan ofte passast heime. Antibiotika har ingen verknad, fordi symptoma er forårsaka av virus. Nokon barn har nytte av medisin som utvidar bronkiane. Barnet får ofte oksygen for å bli betre i pusten. Viss barnet lider av stor væskemangel, kan det bli nødvendig å gi barnet væske intravenøst. Sjølv om barnet kjem seg over sjukdommen i løpet av ei veke, fortsett mange barn å hoste lenge etter – spesielt i samband med forkjøling.

Feberkrampe
Hjå tre-fire prosent av småbarna fører høg feber til feberkrampe. Det er ein tilstand som ”skremmer vettet” av mange foreldre, men det er langt mindre farleg enn det ser ut til. Dei fleste som får feberkrampe er halvanna til fem år.
Det viser seg at feberkrampe ofte utløysast når feberen er på veg opp eller ned.

Kva skjer?

  • Barnet blir plutseleg stiv i kroppen og blå om munnen
  • Blikket vendast oppover
  • Pusten går støytvis eller stansar heilt
  • Mistar bevisstheita og har rykkingar i armar og bein

Anfallet går over på få minuttar, barnet kan så falle i søvn eventuelt etter ein kort skrikeperiode.

Kva gjer du?

  • Sørg for kjølig luft i rommet, kle av barnet og vask det med lunkent vatn
  • Prøv å behalde roen
  • Pass på at barnet kan puste fritt, og kontakt lege. Ring evt. 113
  • Er du åleine – bli hjå barnet til anfallet er over, ring deretter lege

Førebygging
Når eit barn får feber:

  • Hald rommet svalt (ca. 20 gr) – unngå trekk
  • Kle av barnet – kortarma trøye og truse. Tynt teppe over seg
  • Gi rikeleg med drikke
  • Gi evt. Febernedsettande (Paracet)

Norovirus – mage-/tarminfeksjonar
Norovirus er ein av dei viktigaste årsakene til utbrot av mage-/tarminfeksjonar i industrialiserte land. Andre ord brukt om slik infeksjon kan vere; omgangssjuke og farang. Med hausten og vinteren kjem ofte utbrot som skuldast norovirus. Viruset vert lett spreidd der mange menneske er samla, som for eksempel i barnehagar, på skular og helseinstitusjonar. Smitte skjer gjerne gjennom forureina vatn eller ved forureining av mat i storhushaldingar. I tillegg kan norovirus smitte frå person til person ved nærdråpesmitte ved oppkast.

Sjukdommen artar seg med uvelkjensle, kvalme, brekningar, magesmerter, muskelverk, diarè og feber, og varar vanlegvis kun 1-2 døgn. Det tek 12-48 timar frå ein vert smitta til ein vert sjuk. Pasienten er mest smittsam medan han/ho har symptom på oppkast og diarè.

Kva kan du gjere når barnet ditt har mage-/tarminfeksjon?

  • Det finnst ingen spesifikk behandling, men ein kan lindre symptoma og førebyggje komplikasjonar
  • Dei viktigaste førebyggjande tiltaka er god hand- og kjøkkenhygiene
  • God pleie og rikeleg med drikke, dette for å hindre uttørking. Gi små, men hyppige mengder væske
  • Væska ein gir bør ikkje innehalde for mykje sukker, då dette kan auke graden av diarè
  • Barnet kan og bør ammast som normalt
  • Bland halvt med Farris og halvt med eplemost. Rør gjerne ut kolsyra. Blåbærsaft eller raspa saftig eple kan vere tips til drikke
  • Ver obs på at barnet har våte bleier. Har barnet tørre bleier over tid, bør lege kontaktast.

Barn som smittast bør holdast heime frå barnehage og skule i 48 timar etter at barnet er fri for symptomar.

Falsk krupp
Falsk krupp skuldast at slimhinnene i strupehovudet og omkring stemmebåndet hovnar opp på grunn av virusinfeksjonar. Det er som oftast barn mellom 3 mnd og 4 år som får falsk krupp, dette fordi luftrøyret er forhaldsvis trangare enn hjå eldre barn.

Symptom:

  • Startar ofte brått på natta, men det er vanleg med lette symptom på forkjøling på førehand.
  • Barnet våknar med tørr, gjøande hoste, hes, ru stemme og har pustebesvær – ofte med pipande pust.
  • Barnet har ofte feber, kan vere uroleg og puste raskare enn vanleg.
  • Ved kraftig anfall kan ein sjå inndragingar mellom ribbeina når barnet pustar inn.

Kva gjer du når barnet ditt har falsk krupp?

  • Ta barnet opp og la det sitte
  • La barnet puste inn kjølig luft, dette vil redusere hevinga i luftvegane. Opne vindauga eller ta barnet med ut – sørg for at barnet ikkje frys
  • Fuktig luft kan også redusera hevinga. Sett evt. På dusjen (kaldt vatn) og la barnet puste inn fuktig luft
  • Forsøk å roe barnet, det er viktig at du forsøker å bevare roen
  • Hev hovudenden på senga 30 grader

Om anfallet ikkje gir seg eller barnet fortsatt pustar tungt etter 20-30 min, kontakt lege for undersøking og behandling.