Du kan kontakta kommunen for å få hjelp til å søkja om korttidsopphald på sjukeheim. Du har rett til å lata næraste pårørande hjelpa deg med søknaden.

Før saka kan avgjerast, vil det bli gjort ei grundig kartlegging av ønske, behov og ressursar. Ved tildeling av plass må hjelpebehovet gå fram av vedtaket. Eit avslag skal alltid vera grunngjeve.

På sjukeheimen vil du alltid få hjelp av kvalifisert personale, det er alltid sjukepleiar på vakt. Yrkesgrupper som arbeider på sjukeheimen er sjukepleiar, hjelpepleiar/omsorgsarbeidar og assistent. I tillegg er det knytt lege og fysioterapeut til sjukeheimen. 

Etter fagleg vurdering av individuelle behov og eigne ressursar vil du få tilbod om eit personleg tilpassa hjelpetilbod.