Du kan kontakta kommunen for å få hjelp til å søkja om langtidsopphald på sjukeheim. Du har rett til å lata næraste pårørande hjelpa deg med søknaden.

Før saka kan avgjerast, vil det bli gjort ei grundig kartlegging av ønske, behov og ressursar. Ved tildeling av plass må hjelpebehovet gå fram av vedtaket. Eit avslag skal alltid vera grunngjeve.