Den kommunale skogforvaltninga i Sogn (Skog i Sogn) vil arrangere kurs i kapping/aptering på Li, indre Hafslo. Det er alltid nokre skogeigarar som høgg sjølve, og det har vore tradisjon i å arrangere kurs i korleis du går fram når du skal hogge sjølv og levere virke frå skogen din til tømmerkjøpar.

Arnt Laukeland som er Aktivt skogbruk-instruktør viser korleis ein kappar grantreet optimalt.

Skur, skurslip, slip, lengd, toleranse for kvist, sleng, krok, råte m.m.
Kle deg godt. Der vert servert skogskaffi med noko attåt.

Påmelding til arne.kristian.borger@luster.kommune.no. Gje opp namn og mobilnummer.

Kappekurs illustrasjonsbilete