All servering av alkoholhaldig drikk mot ein eller annen form for betaling krev løyve. Ansvarleg skjenkestyrar må vere fylt 20 år (det blir kravd legitimasjon). Det er ikkje krav om stått kunnskapsprøve.
Løyve til servering av øl og vin ved enkelthøve kan vere opne arrangement. Lag, organisasjonar, institusjonar og enkeltpersonar kan søkje.

I dei kommunale retningslinene er det sett ei øvre grense på 4 løyve pr. år til kvart forsamlingslokale, og det skal vere i samband med særskilte arrangement.                                                                                                                                                                      

Aktuelle lokale for slike arrangement vil vere forsamlingslokale med blanda føremål:

  • Kulturhuset - avgrensa til kantine/kafèareal
  • Storhallen - nærare avgrensa til kafè/kantineareal
  • Musea
  • Andre offentlege forsamlingslokale, eventuelt med kombinert bruk

Det kan ikkje gjevast skjenkeløyve til:

  • Stader som er spesielt retta mot ungdom
  • Lokale som vert nytta til idretts- og mosjonsaktivitetar med unnatak av Storhallen i tilknytning til andre arrangement enn idrett
  • Idretts-arrangement 
  • Kantiner, kafèar, restaurantar i tilknytning til butikksenter, kioskar, bensinstasjonar, trafikkstasjonar o.l.

Det er ikkje krav om å gjennomføre kunnskapsprøva etter alkohollova for å få skjenkeløyve ved enkeltarrangement.

Det er søknadsfrist på 14 dagar før arrangementet.