Føter - illustrasjon.pngGode sko

  • Fotavvikling under tåballande der ein normalt rullar på foten (og ikkje midt under skoen slik det kan være på nokre billige sko). Fotavvikling sjekkar ein ved å ta tak i skoen framme og bak og bøye solen som i eit steg. Solen bør ikkje være for stiv heller. 
  • Ein skal ikkje kunne vri skoen som ei vaskefille. Den skal være stabil frå hæl til midt på skoen om ein prøver å vri sidevegs.
  • Hælkappa skal være stødig. Gode barnesko har hælkappe opp til str. 26 (3 år) også på sandalar. Hælkappa skal være motsand i om ein klemmer på ho, men ikkje være heilt stiv.
  • Sko bør ha snøring eller borrelås.
  • Pris er ofte ein indikasjon på gode sko

Innesko

  • Anitskliskokkar eller gode sandalar til dei minste.
  • Crocs og andre sko utan reim bak hælen er ikkje gode til barn.
  • Det er best med stødige innejoggesko med litt demping til gym heilt frå skulestart

Sommarsko

  • Sandalar bør ha hælkappe hjå dei minste (til ca. 3 år) og alltid reim bak hælen. 

Vintersko

  • Gode vasstette sko med snøring eller borrelås.

Støvlar

  • Brukast minst mogleg, spesielt første året barnet går.

Arv

  • Generelt ikkje arve. Støvlar kan nesten alltid arvast. Vintersko kan brukast dersom dei er lite slitt. Arvesko kan eventuelt nyttast som reservesko.

Størrelse på sko

  • Måle 1,5 cm lenger enn foten på sommarsko, 2 cm på vintersko og 4 mm ekstra på kvar side i breidda. Viktig å sjekke barneskoen ofte!