Skogpolitikken skal legge til rette for ein berekraftig ressursforvaltning, der hogsten ikkje overgår tilveksten, og der ein tek omsyn til andre viktige oppgåver skogen har – som leveområde for planter og dyr, rekreasjonsarena for menneske, og som lager og sluk for karbon.

Sogndal kommune har felles skogbrukssjef med Luster kommune. Arne Kristian Borger har kontordag i Sogndal torsdagar. Han kan nåast på telefon 57 62 96 57 / 41 49 84 91 og epost Arne.Kristian.Borger@luster.kommune.no