Illustrasjon - skredfarekartlegging Sogndal 2017Skredfarekartlegginga gjev auka kunnskap og oversikt over fareutsette område i Sogndal kommune.

Kartlegginga er utført som ein del av NVE sitt nasjonale kartgrunnlag – faresonekart skred – som gjeld for område med stort skadepotensial frå skred i bratt terreng.
Faresonene vert vurdert etter skred med nominell årleg sannsyn. NVE opererer med fylgjande klasser: 1/100, 1/1000 og 1/5000.

Ved spørsmål kring skredfarekartlegginga kan de ta kontakt med eining for plan og næring på tlf. 57 62 96 00 eller på postmottak@sogndal.kommune.no