Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Kommunen har eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1.-4.klasse. For funksjonshemma born gjeld ordninga for alderssteget 1.-7.klasse.
Skulefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hjå borna. Skulefritidsordninga skal gje borna omsorg og tilsyn.
Kommunen har ikkje plikt til å gje tilbod om skulefritidsordning i alle skulekrinsar. Foreldre/føresette må søkje om plass på den skulen eleven går på.
Les meir om SFO-tilbodet på Kaupanger skule si heimeside
Opningstider Kaupanger SFO:
Heilplass 07.30 – 16.30
Morgonplass 07.30 – 09.00
Måndag ettermiddag 13.15 – 16.30
Tysdag/onsdag/torsdag ettermiddag 14.30 – 16.30
Fredag ettermiddag 13.00 – 16.30
Ferieplass
Søknadsskjema kan du få i tenestetorget eller på Kaupanger skule, eller du kan nytta elektronisk søknadsskjema. Søknad skal sendast til Sogndal kommune, boks 153, 6851 Sogndal. Skulen sender sjølv ut melding om tildeling av plass.
1. mai.
Alle må søkje om ny plass kvart år. Sogndal komune har felles søknadsskjema for alle Skulefritidsordningane i kommunen . L..
Du finn elektronisk søknadsskjema i høgremenyen under 'sjølvbetening'.
