Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Kommunen har eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1.-4. klasse. For funksjonshemma barn gjeld ordninga for alderssteget 1.-7. klasse. Skulefritidsordninga skal gje barna omsorg, tilsyn og gode utviklingskår. Ordninga vil leggje til rette for leik, kultur og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesse hjå borna.
Opningstidene ved Trudvang SFO:
Trudvang SFO har stengd i 4 veker i juli månad. I tillegg har ordninga 3 kurs/planleggingsdagar som ordninga og held stengd. Orientering om dette finn du på søknadsskjema/ informasjonsfoldar.
Dagleg: 07.30 - 09.00 og 13.30 - 16.30
Heildagstilbod og ferietilbod: 07.30 - 16.30
Søknad skal sendast til Sogndal kommune, boks 153, 6851 Sogndal.
Skulen sender sjølv ut melding om tildeling av plass.
SFO skal bidra til større heilskap i barna sin kvardag gjennom nært samarbeid mellom heim, skule, kultur- og fritidsaktivitetar i lokalmiljøet. Tilbodet vert lagt til rette for at barna skal ha ein reel medverknad over eigen kvardag.
Les meir om SFO-tilbodet på Trudvang skule si heimeside
