Elevar i grunnskulen har rett til å gå på skule i den krinsen dei soknar til. Skulen sender brev til føresette med born som er opplæringspliktige, der dei får informasjon om kva skule dei høyrer til og kva tid dei skal møte.
Etter søknad til kommunen kan det vurderast om ein elev skal takast inn ved ein annan skule enn den eleven soknar til, eller byte til ein annan skule.
Kommunen har mynde til å avgjere saker som gjeld skulebyte.
Målgruppe
Elevar i grunnskule og føresette til elevar i grunnskulen.
Vilkår
Elevar/føresette til elevar som
- ynskjer å byte skule
- ynskjer å få avgjort kva skulekrins eleven høyrer til
Handsaming
Kommunen handsamar søknader som gjeld byte av skule.
Handsamingstid
Kommunen pliktar å handsame saka så raskt råd er. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal søkjar ha skriftleg svar om årsaka, med opplysningar om når det er venta at vedtaket vil verta fatta.
Klage
Du kan klage på vedtak om kva skulekrins eleven høyrer til eller på vedtak om å byte skule. Klagefristen er tre veker etter at du mottek vedtaket. Klaga skal sendast til den instansen som fatta vedtaket. I klagen skal du leggje fram kva du ynskjer endra i vedtaket og grunngje det.
Kommunen vil kunne rettleia deg. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen vert sendt til Fylkesmannen, skal den instansen som fatta vedtaket vurdera om det er grunn til å endra det. Dersom vedtaket vert halde ved lag, går saka vidare til Fylkesmannen.