Skulemiljø

Alle elevar i grunnskular og vidaregåande skular har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Skulane skal planleggjast, byggjast, tilretteleggjast og drivast slik at det blir teke omsyn til tryggleiken, helsa, trivselen og læringa til elevane.

Alle elevar har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa deira behov. Skulen skal innreiast slik at det vert teke omsyn til dei elevane ved skulen som har funksjonshemmingar.

Skulen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhøyre.

Elevane skal engasjerast i planlegginga og gjennomføringa av det systematiske arbeidet for helse, miljø og tryggleik ved skulen. Skulen skal leggje oppgåver til rette for elevane etter kva som er naturleg for dei einskilde årstrinna.

Elevrådet kan nemne opp skulemiljørepresentantar til å vareta elevane sine interesser overfor skulen og myndigheitene i saker som har med skulemiljøet å gjere.

Skulemiljøutval

I følgje Opplæringsloven § 11-1a skal alle grunnskular ha oppretta skulemiljøutval. Skulemiljøutvalet skal ha eit særleg ansvar for å halde seg orientert om og uttale seg om skulemiljøet (§ 9a). Utvalet skal være eit rådgjevande organ for skulen i arbeidet med skulemiljøet. Utvalet har ikkje avgjerdsmynde. Skulane kan velje å bruke styret som skulemiljøutval eller opprette eit eige skulemiljøutval.

2010-11-02

Våre tenester følgjer informasjonsstandarden LOS. Det betyr at dei kommunale tenestene er knytt opp mot såkalla emneord.

Du finn dei mest brukte emneorda på framsida. Du kan og velje eit emneord fra Los-strukturen til venstre.

Finn du ikkje emneordet du leitar etter?
Vis/skjul statlige emner

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse/Postal address:
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Web levert av CustomPublish AS