Skuleskyss i grunnskulen

Målgruppe

Elevar som bur meir enn fire kilometer frå skulen har rett til fri skuleskyss. Retten gjeld ikkje til og frå skulefritidsordninga.

Vilkår

Skyssgrensene for elevar i 1. klasse er 2 km. Den einskilde skulen har oversikt over avstandane mellom heim og skule.(Gjeld frå dør til dør etter kortaste vinterbrøytte veg.)
Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg har rett til gratis skyss uavhengig av skyssgrenser. Føresette kan søkje kommunen om fri skyss med grunngjeving om at vegen er trafikkfarleg eller vanskeleg

Handsaming

Skulen hentar inn opplysningar om avstand til næraste busshaldeplass frå heimen, og alderen til elevane. Desse får automatisk skysskort frå kommunen.

Søknadsfrist

Innan 15. juni før nytt skuleår tek til .

Klage

Dersom foreldre/føresette vil klage på at eleven deira ikkje får tildelt fri skyss, må dei sende skriftleg søknad til kommunen om fri skyss. Kommunen hentar inn sakkunnig tilråding om dette er naudsynt.
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse/Postal address:
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Web levert av CustomPublish AS