Rektorane 2016.jpgDei fem rektorane Anne Siri Bentsen (Norane oppvekstsenter), Bjarte Ramstad (Trudvang skule), Torbjørn Ask (Fjærland oppvekstsenter), Kjetil Sønnesyn (Kvåle skule) og Kjell Ertesvåg (Kaupanger skule) fekk også ordet og sa litt om kva som ville prege den einskilde skulen i det komande skuleåret. Alle rektorane framheva viktigheita av godt samarbeid innad i kommunen. Kjell Ertesvåg vart ynskt hjarteleg velkomen som ny rektor ved Kaupanger skule.

Kommunalsjef Ole Gunnar Krakhellen gav ei orientering om skuleeigarrolla, samt korleis denne vil verte arbeidd med i skuleåret, gjennom t.d. arbeid med ny oppvekstplan og deltaking på programmet «Den gode barnehage- og skuleeigar».

Skulestart 2016.jpg
Hovudbolken før lunsj var via ei spanande innleiing frå Jan Spurkeland, som snakka om relasjonsleiing og relasjonskompetanse. Eit viktig tema som er sentralt i klasserommet så vel som på andre arenaer.


Dette temaet innleiar også Sogndalsskulen si satsing på ungdomstrinn i utvikling, der det skal arbeidast med klasseleiing. Etter lunsj var temaet IKT.

 

 

Skulestart for elevar i Sogndalsskulen:
Barne- og ungdomsskulane i Sogndal tek til måndag 15. august.

Elevane møter slik:

Norane skule kl 08.30.
Fjærland skule kl 08.20.
Kaupanger skule kl 09.00.
Kvåle skule kl. 08.55.
Trudvang skule 2.- 5. årstrinn kl 09.00.
1. årstrinn Trudvang skule møter kl. 09.30.

Deltakarar på Norskopplæringa i Sogndal skal møte måndag kl 09:00.

Sogndal kommune ynskjer elevar, foreldre og tilsette vel møtt til eit nytt skuleår.