Smartpark

SmartPark er eit førehandsbetalt elektronisk parkeringskort og er eit alternativ til automat. Ved bruk av kortet treng du ikkje mynt ved parkering på offentlege avgiftsbelagde parkeringsplassar. Du treng heller ikkje gå til parkeringsautomat.

Gjeld parkering på alle dei offentlege avgiftsbelagde parkeringsplassane i Sogndal kommune.

Pris

Depositum kr 700.
Ladekort kr 500.

Handsaming

Ved hjelp av dette kortet vert parkeringstid betalt på førehand. Ein betalar berre for den tida ein står parkert, sidan kortet sjølv tel ned til oppbrukt parkeringstid. Kortet har stort display, og er enkelt å betjene. Om ein gløymer å slå av kortet, vert det automatisk slått av når maksimum parkeringstid er nådd

 

Kortet er på førehand lagt inn med kr 500, dvs 42 parkeringstimar der timesatsen er kr 14 (inkl.mva.)

SmartPark og ladekort får du kjøpt i Tenestetorget på kommunehuset.

Søknadsfrist

Ingen

Intern informasjon

Ansvarleg eining Tenesteeining kommunalteknikk
Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS