Trafikktryggingsprisen vert delt ut kvart år og er på kr. 25 000.- og diplom. Utdelinga finn stad på fylkestinget 17. oktober 2017.

Aktuelle kandidatar til prisen er personar, grupper, lag/organisasjonar som har gjort ein særskilt innsats for trafikktrygging i Sogn og Fjordane. FTU ønskjer grunngjevne forslag på aktuelle kandidatar til Trafikktryggingsprisen 2017 innan 12. september. Send framlegg til

Statens vegvesen Region Vest v. FTU-sekretariatet
Askedalen 4
6863 Leikanger

eller på e-post til firmapost-vest@vegvesen.no