Det er to søknadsfristar og ein utbetaling av produksjons- og avløysartilskot pr år.

Søknadsfrist for del 1 av søknaden er 15. mars, med teljedato 1. mars

Søknadsfrist for del 2 av søknaden er 15. oktober, med teljedato 1. oktober.

Ved del 1 av søknaden er det husdyrprodusentar som kan levere søknad. Ved del 2 kan både husdyr- og planteprodusentar levere søknad.

Søknaden skal leverast elektronisk, det er ikkje adgang til å levere papirsøknad.

Meir informasjon og søknadsskjema finn du her